Filmen ”Vinterkyss” handlar om den svenske lega Victoria som etter å ha mista sin son, flytter til ei vinterkledd norsk bygd for å byrje eit nytt liv. Nesten like etter at Victoria har flytta til bygda, blir ein utanlandsk gut funne døyd i ein brøytekant. Victoria blir tvinga til å gjenoppleve tapet av sonen etter kvart som ho blir vikla inn i dødsfallet til den unge asylsøkjaren. Ho kjem både nærare foreldra til den avdøyde guten, og den hovudmistenkte brøytebil sjåføren Kai. Victoria innleier eit forhold til Kai, men når Victoria møter dottera til Kai, blir forholdet meir enn hun klarar å takle. Dødsfallet til den unge utlendingen blir avklara som eit sjølvmord, og Victoria reiser tilbake til Sverige for å gjere opp med fortida mannen, og dødsfallet til sonen.
Eg vil seie at hovudhistoria i filmen handlar Victoria og hennar sakn, mens det mistenkjelege dødsfallet til utlending guten er ein bihistorie. Eg trur at grunnen til at funnet av den døyde guten påverkar Victoria såpass mykje er fordi ho kjenner seg igjen i historia til familien. Filmen avdekkjer at utlending guten var ulykkeleg og vilje heim, men får ikkje lov av faren sin. Sonen til Victoria, Sune, vil ikkje stå på skøyter, men Victoria tvingar ham. Begge gutane er ulykkelege. Kanskje føler både faren til den avdøyde guten, og Victoria at dei er skuldige i døden til barna sine. På ein måte så kan ein seie at dødsfalla kunne vore unngått. Dersom faren til asylsøkjaren hadde lét guten reise heim, og dersom Victoria hadde skjøn at sonen var sjuk. For ho blir jo skulda av mannen sin for ”å drepe” sonen sin, sidan ho var lege, og ikkje forstod at sonen var sjuk. Han hadde sagt heile vegen at det var noe galt med sonen.
Filmen viser for det meste dagleglivet frå ein objektiv synsvinkel, men vi får au innblikk i subjektive opplevingar, noe som gjer filmen gripande. ”Vinterkyss” treffer ein sårbar nerve hos flest, eg trur dette er fordi mange kjenner seg igjen. Einsmed, sorg og det å unngå problema sine er sentrale tema i filmen, som flest har opplevd tidligare. Det at handlinga i filmen hoppar mellom fortid og notid, gjer at sjåaren må følje ennå betre med, og det gjer au opplevinga sterkare.
http://jgtenker.com/page/7/ |